Bokomtale: Dialog – en praktisk veileder

dialogbok

Dialog – en praktisk veileder av Lise Hannevig og Marjorie Parker. Omtalt av Svein Arne Skuggen Hoff (fylkesdirektør, Plan og samfunn, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Dialog - aktivt verkty for leiarar

Boka Lise Hannevig og Marjorie Parker har skrive om Dialog, plasserer dialog der det høyrer heime, som eit aktivt leiarverkty. Dialog er eit positivt omgrep som mange nyttar når dei skal omtale positiv kommunikasjon mellom menneske. Dei færraste har ei forståing av dialog som ein høy aktuell møteform som kan forbedre egne og organisasjonens evne til å tenke nytt om spørsmål som er avgjørende for virksomhetens fremtid.

Boka er ein veldig god rettleiar for å jobbe med dialog som metode. Styrken til boka er at den set dialog inn i eit teoretisk perspektiv om leiing og organisasjonsutvikling, og viser tydeleg kor viktig dialog er som metode i moderne leiarskap. Boka vert bygd på filosofiske tradisjonar formulert av David Bohm, og teoriar og forsking omkring leiing og lærande organisasjonar utforma av Peter Senge og William Isaacs.Kva er så dialog? Er det ein ufarleg samtale der vi unngår konflikt og ulike syn? Dialog, slik forfatterne beskriver det, handler om å invitere en gruppe mennesker til en form for samtale der den enkelte og gruppen får anledning til å utforske og overskride vante tankemønstre og bevege seg ned på en dypere samtaleplan. Dialog handlar ikkje om å vike unna ulike syn, men å ha ei spørjande tilnærming til eigne meiningar og eigne oppfatningar av viktige tema. Deltakarar i ein prosess vert invitert inn til å stille spørsmål for å forstå det som ligg bak eigne og andre sine meiningar. I staden for å fokusere på svar og rett og galt, vert fokuset på å forstå og finne ei djupare meining bak eigne og andre sine tankar.Boka Dialog, er som undertittelen seier: «ein praktisk rettleiar». Fryrst og fram er boka ein lettlest og konkret rettleiar for dei som ynskjer å introdusere dialog på eigen hand, som eit verkty i leiing og organisasjonsutvikling. Gjennom døme frå eigne erfaringar og vel utprøvd teori, gir forfattarane oss innblikk i dei rammer og føresetnadar som kan gjere dialog til eit godt verkty som løyser ut energi og skaper ein ny organisasjonskultur. Forfatterne tar oss stegvis gjennom prosessen med å forstå forutsetninger for å lykkes med dialog, hvordan velje tema og spørsmål som kan egne seg for dialog, hvordan introdusere og lede dialogmøter, samt råd om kva som skal til for å holde dialogen på sporet. Boka gjev og dei som har litt kjennskap til metodikken gode råd på vegen når verktyet vert prøvd ut i praksis.

For meg som tilsett i offentleg sektor, ser eg eit stort potensiale i bruk av dialog. Det er eit stort behov for å etablere felles forståing for omgrep og etablere samanhengar mellom ulike fag- og satsingsområde. Større bruk av systematisk dialog vi vere eit viktig verkty for å få dette til. Med dette vil sterkt rå til at du les boka og testar ut metodane sjølv. Så får du finne ut om du opplever det same som meg, at det gjev endringar i eigen kvardag både som leiar og medmenneske.